J.K. Rowling

J.K. Rowling utanfor Det kvite huset
Dato: 5. april 2010

Joanne Rowling (fødd 31. juli 1965 i Chipping Sodbury), gift Murray og kjend under pseudonymet J.K. Rowling, er ein britisk forfattar og skaparen av bokserien om trollmannen Harry Potter. Rowling er i dag busett i Edinburgh i Skottland.

Ho gav ut den fyrste Harry Potter-boka, Harry Potter og De vises stein i 1997. Etter denne kom det seks oppfylgjarar, den siste, Harry Potter og dødstalismanene i 2007. I løpet av denne tida gav Rowling òg ut tre supplement til serien. I 2012 debuterte ho som vaksenforfattar med tragikomedien Den tomme stolen. Under pseudonymet "Robert Galbraith" gav ho ut krimromanen The Cuckoo's Calling i 2013.

Forfattarskapen har gitt henne store inntekter; Forbes skreiv i februar 2004 at formuen hennar var på 576 millionar britiske pund, noko som gjer ho til den fyrste forfattaren som har vorte dollarmilliardær og den niande rikaste kvinna i Storbritannia. Rowling vart slik rikare enn dronninga, men har sidan gjeve vekk store summar til velgjerd.[treng kjelde]


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne