Jahra | |||
الجهراء | |||
guvernement | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Jahra | ||
Areal | 11 230 km² | ||
Type | guvernement | ||
Folketal | 491 392 (2014)[1] | ||
Folketettleik | 44 / km² | ||
Guvernør | Fahad Ahmed Al-Ameer | ||
Tidssone | AST (UTC+03) | ||
![]() Jahra guvernement 29°20′13″N 47°39′29″E / 29.337°N 47.658°E | |||
Wikimedia Commons: Al Jahra Governorate |
Jahra guvernement (arabisk محافظة الجهراء) er eit av seks guvernement i Kuwait. Det ligg nordvest for dei andre guvernementa og omfattar mellom anna byen Jahra. Øya Bubiyan ligg i guvernementet, som er det største i Kuwait. Her finst òg noko dyrkbar mark. Det raude palasset eller Al Qasr Al Ahmar er det viktigaste, historiske landemerke her, der eit slag mellom Kuwait og Dweesh-armeen fann stad. Då Jahra var ein landsby, var han ein oase og dei fleste innbyggjarane her var bønder.