Jak | |
![]() Jak | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Jak | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Bos |
Art: | Jak B. mutus |
Vitskapleg namn | |
Bos mutus |
Jak er eit langhåra pattedyr som minner veldig om ein okse. På tibetansk viser ordet jak eigenleg berre til hannen, og ein hojak heiter dri eller nak. På norsk seier ein jak om begge kjønn, medan hanndyret kan kallast jakokse. Ville jakar blir nesten to meter lange, medan tamme jakar er ca halvparten så lange. Begge typane har langt hår for å verne seg mot kulde. Ville jakar er anten svarte eller brune, medan tamme jakar òg kan vere kvite. Det er berre hos dei tamme at det kan finnast albinoar.