Denne artikkelen handlar om omgrepet i dialektologi. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå likevekt.
Kartet viser kva for norske dialektar som har spor av jamvektsregelen. I det lyseblå området har overvektsord endinga -e, medan jamvektsord har endinga -a. I det mørkeblå området har overvektsord apokope, medan det er omfattande bruk av jamning i jamvektsord.
Jamvekt (svenskvokalbalans) er eit omgrep i norsk dialektologi som dels vert brukt til å forklare ei språkhistorisk endring som har resultert i kløyvd infinitiv, dels til å dele inn dei norske dialektane. I dag er det dialektane på Austlandet og i Trøndelag og ein del svenske innlandsbygder som har spor av jamvekt.
Jamvektslova seier noko om korleis uttalen av orda har forandra seg frå norrønt og fram til moderne norsk.
Jamvektsord, dvs. infinitiv med kort rotstaving i norrønt, har ikkje fått nokon reduksjon av endingsvokalen. Ei kort rotstaving har både kort vokal og kort konsonant. Her er den norrøne infinitivsendinga -a i f.eks. (å) bera halde på slik at det i dialektane med jamvekt heiter å bera, å bæra, å bærra, å bårrå e.l. I nokon dialektar finst i tillegg jamning av overvektsord.
Overvektsord, dvs. infinitiv med lang rotstaving i norrønt, har fått reduksjon av endingsvokalen. Ei lang rotstaving består av ein lang vokal og/eller lang konsonant. Her er den norrøne infinitivsendinga -a i f.eks. (å) kasta vorte redusert til anten ein -e i kaste (på Austlandet) eller falle heilt bort i kast (i Trøndelag).
Jamvektregelen har verka frå Langesundsfjorden i Telemark og Bykle i Setesdal nordover aust for Langfjella til litt nord for Molde, i Trøndelag og på indre Nord-Helgeland.