Jan Mayen

Jan Mayen
øy og norsk biland
Land  Noreg
Stad Nordishavet
Høgaste punkt Beerenberg
 •  høgd 2 277 moh.
Største by Olonkinbyen
Areal 377[1][2] km²
Folketal ca. 18[a]
Kart
Jan Mayen
70°58′59″N 8°32′01″W / 70.983°N 8.5336°W / 70.983; -8.5336
Kart som viser Jan Mayen.
Kart som viser Jan Mayen.
Kart som viser Jan Mayen.
Wikimedia Commons: Jan Mayen

Jan Mayen er ei 377 km² stor arktisk øy med kyst mot Grønlandshavet i nord og Norskehavet i sør. Øya er delvis dekt av ein isbre. Øya ligg på 70,59° N 8,28° V. Her ligg òg den nordlegaste aktive vulkanen i verda, Beerenberg, som med sine 2277 meter òg er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy. Fiskerisona ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland.

Jan Mayen er ein del av Kongeriket Noreg, er ikkje eit biland og er ikkje omfatta av Svalbardtraktaten. Øya vert administrert av Fylkesmannen i Nordland, men er ikkje ein del av Nordland fylke.

  1. «Arealstatistics for Norway 2019». Kartverket, mapping directory for Norway. 2019. Arkivert frå originalen 8. juni 2019. Henta 2. april 2019. 
  2. «Jan Mayen». Norsk Polarinstitutt. 2019. Henta 2. april 2019. 


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne