Jan Petersen | |||
![]() Jan Petersen i 2009 | |||
Fødd | 11. juni 1946 (78 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, jurist, diplomat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Kaare Petersen | ||
Alle verv |
|
Jan Petersen (fødd 11. juni 1946) er ein norsk politikar frå Høgre, fødd i Oslo. Han voks opp i Oppegård i Akershus, der han var ordførar frå 1975 til 1981. Petersen var stortingsrepresentant frå 1981 til 2009, og partileiar i Høgre frå 1994 til 2004. Petersen var utanriksminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005. Han tok ikkje attval ved stortingsvalet 2009.[1][2] Petersen blei i statsråd den 9. januar 2009 utnemnd til ny norsk ambassadør til Austerrike.[3]