Janis Joplin | |||
Janis Joplin om lag 1970 | |||
Fødd | 19. januar 1943 Port Arthur i Texas i USA | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Port Arthur i Texas | ||
Død | 4. oktober 1970 (27 år) Los Angeles i USA | ||
Dødsstad | Hollywood | ||
Fødenamn | Janis Lyn Joplin | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1962–1970 | ||
Sjanger | Bluesrock, psykedelisk rock, blues, hardrock | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Tilknytte artistar | Big Brother & the Holding Company Kozmic Blues Band Full Tilt Boogie Band | ||
Plateselskap | Columbia | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, arrangør | ||
Mor | Dorothy Bonita Joplin | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Janis Lyn Joplin (19. januar 1943–4. oktober 1970) var ein amerikansk songar, låtskrivar og musikalsk arrangør. Ho vart kjend mot slutten av 1960-åra som songar i Big Brother and the Holding Company og seinare som soloartist.
Joplin er rekna som ei rockelegende, og som ei føregangsfigur for kvinner innan rock.[1] Ho døydde av ein overdose då ho var 27 år gammal, og spelte berre inn fire album. Nokre av hennar best kjende songar er «Me and Bobby McGee», «Mercedes Benz» og «Piece of My Heart».