Jaren | |||
stad | |||
Gran rådhus
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gran | ||
Postnummer | 2770 JAREN | ||
Preposisjon | på Jaren | ||
Ferdselsårer | ![]() Gjøvikbanen | ||
![]() Jaren 60°23′00″N 10°33′00″E / 60.38333333°N 10.55°E | |||
Wikimedia Commons: Jaren |
Jaren er administrasjonssenter i Gran kommune kommune Innlandet fylke og huser Gran rådhus med sine funksjoner for dei drygt 13 000 innbyggjarane i kommunen. Jaren ligg på Hadeland, midt mellom Gran sentrum og Brandbu og var tidlegare eit livleg sentrum rundt stasjonen og mølla med mange forretningar og industri. I dag er det litt stillare på Jaren med eit mindre kjøpesenter med daglegvarebutikk, ein fiskebutikk, Hadeland mølle, Hadeland Energi, Gran Rådhus, Hadeland Selskapslokaler og Hadeland Steinindustri. Even i Bua som er ein kiosk ligg litt lenger nedom senteret. Jaren har også ein barneskule som heiter Jaren skole.
Busetjinga mellom Jaren og Brandbu har vorte så tett att Statistisk Sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren for ein tettstad med 5 148 innbyggjarar per 1. januar 2024.