59°17′26.556″N 10°23′12.426″E / 59.29071000°N 10.38678500°E
Jarlsberg er ein herregard og eit stamhus ved Tønsberg i Vestfold. Det vart opphavleg skipa som eit grevskap for Peder Schumacher Griffenfeld i 1673 under namnet Griffenfeldt Grevskab.[1] Eigedomen er i bruk av familien Wedel Jarlsberg som har vore eigarar frå 1683.
Frå 1811 og framover bygde grev Johan Caspar Herman Wedel Jarlsberg ut slottet i empire slik det er i dag.[1] Arkitekt var Jørgen Gerhard Løser. Det vart også bygd park. Bygningane er freda.
Rett inntil hovudbygninga ligg Sem kyrkje.