Jazz Studioalbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. november 1978 | |
Innspelt | Juli–oktober 1978 i Mountain Studios i Montreux og Super Bear Studios i Berre-les-Alpes i Frankrike | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 44:44 | |
Selskap | EMI, Parlophone (Europe) Elektra, Hollywood (USA) | |
Produsent | Queen, Roy Thomas Baker | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
News of the World (1977) |
Jazz | The Game (1980) |
Singlar frå Jazz | ||
Jazz er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut 10. november 1978. Roy Thomas Baker var igjen produsent for bandet. Det var tre år sidan sist han var medprodusent på A Night at the Opera frå 1975, men dette albumet var det siste han var medprodusent på for bandet. Dei mange musikkstilane på albumet er blitt både lovprist og kritisert. Albumet nådde andreplassen på UK Albums Chart og sjetteplassen på Billboard 200 i USA. Jazz har selt over fem millionar eksemplar verda over.