Jeff Beck | |||
| |||
Fødd | 24. juni 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wallington | ||
Død | 10. januar 2023 (78 år) | ||
Dødsstad | Wadhurst | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1964–2023 | ||
Sjanger | rock, blues, bluesrock, jazz-fusion | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | EMI, Atco Records, Epic Records | ||
Verka som | gitarist, komponist, jazzgitarist, låtskrivar, musikkprodusent, plateartist, rockemusiker, rockesanger | ||
Prisar | Grammy Award for Best Rock Instrumental Performance, MOJO Awards, Rock and Roll Hall of Fame |
Geoffrey Arnold Beck (24. juni 1944–10. januar 2023) var ein engelsk rockegitarist. Han var ein av tre kjende gitaristar som spelte med The Yardbirds, der dei to andre var Eric Clapton og Jimmy Page. Beck skipa The Jeff Beck Group og med Tim Bogert og Carmine Appice skipa han Beck, Bogert & Appice.
Mykje av musikken til Beck var instrumental, med eit fokus på nyskapande lyd, og utgjevingane hans varierte i sjangrar frå bluesrock og hardrock til ein gitarbasert electronica. Sjølv om Beck spelte inn to hitalbum i 1975 og 1976 som soloartist, fekk han den same kommersielle suksessen som dei to andre gitaristane i Yardbirds.[1][2] Beck spelte på album med Rod Stewart, Mick Jagger, Tina Turner, Morrissey, Jon Bon Jovi, Malcolm McLaren, Kate Bush, Roger Waters, Donovan, Stevie Wonder, Les Paul, Zucchero, Cyndi Lauper, Brian May, Stanley Clarke, Screaming Lord Sutch, ZZ Top og Toots and the Maytals.[3]
Beck vart rangert som den femte beste gitaristen gjennom tidene av magasinet Rolling Stone, som har skildra han som ein av dei viktigaste sologitaristane i rocken,og var avbilda på framsida av magasinet tre gonger.[4] Han vert ofte kalla «gitaristane sin gitarist».[1] Beck har blitt mykje kritikarrost og fått Grammyprisen for beste rockeinstrumentalar seks gangar og beste popinstrumental ein gong. I 2014 fekk han den britiske Ivor Novello-prisen for bidraga sine til britisk musikk.[5] Beck er blitt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger: som medlem av The Yardbirds (1992) og som soloartist (2009).