Jentegruppe

Ei jentegruppe (engelsk girl group) er ei musikalsk gruppe som består av fleire kvinnelege songarar som generelt syng i lag i harmoni. Omgrepet «jentegruppe» vert i snevrare forstand nytta om ei bølgje av amerikanske kvinnelege popgrupper, mange påverka av doo-wop, som oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra då den første rock and roll-bølgja var på hell og før den britiske bølgja byrja.[1][2]

Band der alle medlemmane er kvinner og spelar alle instrumenta sjølv vert vanlegvis rekna som noko anna, og vert stundom omtalt som «jenteband».[3]

Etter kvart som musikk- og radioindustrien oppstod, oppstod ei rekkje jentegrupper, som Andrews Sisters. Seint i 1950-åra dukka ei rekkje kvinnelege vokalgrupper opp og i alt var det 750 jentegrupper som gav ut songar som nådde salslistene i USA og Storbritannia mellom 1960 og 1966.[4] The Supremes aleine fekk 12 singlar på toppen av Billboard Hot 100 på sitt mest populære og gjennom heile den britiske bølgja var dei nesten like populære som The Beatles.[5] I seinare tider har jentegruppe-malen blitt nytta innan disco, moderne R&B og country, i tillegg til innan pop. Ein meir globalisert musikkindustri førte til at danseprega popmusikk vart ekstremt populært.[6] Denne bølgja, leia av USA, Storbritannia, Sør-Korea og Japan, har skapt særs populære grupper og åtte grupper som debuterte etter 1990 har seld meir enn 15 millionar fysiske album kvar. Sidan seint i 2000-åra har òg Sør-Korea blitt særs populære og åtte av dei ti mest nedlasta jentegruppene verda over kjem derfrå.

  1. Rutledge, Meredith E. (15. april 2013). «The Fabulous Girl Groups | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. Arkivert frå originalen 29. juni 2016. Henta 21. februar 2018. 
  2. «Girl Groups - A Short History». History-of-rock.com. Henta 21. februar 2018. 
  3. Claudia Mitchell, Jacqueline Reid-Walsh (1 January 2008). Girl Culture: An Encyclopedia. Greenwood Press. ISBN 9780313339080. Henta 21. februar 2018. 
  4. «Girl Groups». Girl Groups. Arkivert frå originalen 7. januar 2017. Henta 21. februar 2018. 
  5. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 950, 959, 964, 967, 969, 970, 983, 984, 988–990. ISBN 0-89820-155-1. 
  6. Global Transformations: Politics, Economics and Culture - Google Books. Henta 21. februar 2018 – via Google Books. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne