Jiāngxī | |||
江西 | |||
provins | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Zhongnan | ||
Hovudstad | Nanchang | ||
Areal | 166 900 km² | ||
Folketal | 44 567 475 (2010) | ||
Grunnlagd | 291 | ||
Jiangxi 27°18′N 116°00′E / 27.3°N 116°E | |||
Kart som viser Jiangxi.
| |||
Wikimedia Commons: Jiangxi |
Jiangxi er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen femner eit relativt flatt område frå elvebreiddene til Chang Jiang i nord til høgde- og fjellandet lenger sør. Jiangxi grensar til Anhui i nord, Zhejiang i nordaust, Fujian i aust, Guangdong i sør, Hunan i vest og Hubei i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 166 900 km². Folketalet vart i 2013 berekna til 45 millionar.[1]
Namnet Jiangxi (forenkla kinesisk 江西, pinyin Jiāngxī) kjem frå kretsen som i 733 vart administrert av Tang-dynastiet, Jiangnanxidao (江南西道; 'kretsen til det vestlege Jiangnan').