Jiddisch, jiddisk eller jødetysk er eit vestgermansk språk som blir tala av om lag fire millionar hovudsakleg askenasiske jødar over heile verda. Før den andre verdskrigen og holocaust/shoah vart språket tala av kring ti millionar europeiske jødar, og det var daglegspråket deira, sjølve morsmålet (mame-loshn), mens hebraisk berre var synagogespråket. Språket oppstod i Sentraleuropa i høgmellomalderen som ei blanding av høgtyske og sentraltyske målføre, og med mange lånord frå hebraisk og arameisk — seinare òg frå slaviske språk. Namnet jiddisch tyder ‘jødisk’ og er opphavleg ei kortform for 'jidish taitsh', eller 'jødisk tysk'. Ordtilfanget er på om lag 80 % tyske ord — somme av desse er nærare standard høgtysk enn mange høgtyske målføre; jiddisch blir av og til òg sett på som eit tysk målføre. Jiddisch blir vanlegvis skrive med det hebraiske alfabetet.
Forfattaren Isaac Bashevis Singer (1904–1991), som skreiv på jiddisch, fekk Nobelprisen i litteratur i 1978. Den jiddischspråklege lingvisten Max Weinreich blir ofte nemnd som opphavsmannen til den mykje siterte utsegna «A shprakh iz a dialekt mit an armey un flot» אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט, 'eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte', men han skal visstnok ha sitert ein tilhøyrar på ei av førelesingane sine.[1]