Jílín | |||
吉林 | |||
provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 187 400 km² | ||
Folketal | 27 462 297 (2010)[1] | ||
![]() Jilin 43°53′03″N 125°18′30″E / 43.884166666667°N 125.30833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Jilin |
Jilin (forenkla kinesisk 吉林, pinyin Jílín) er ein provins nordaust i Folkerepublikken Kina. Jilin grensar til Nord-Korea og Russland i aust, Heilongjiang i nord, Liaoning i sør og Indre Mongolia i vest. Namnet Jilin er truleg avleidd det mandsjuiske Girin ula, som tyder «langs elva». På kinesisk vart det skrive ned som Jilin wula (吉林乌拉), og så forkorta til Jilin. Dei kinesiske skriftteikna som vert nytta for Jilin tyder 'den løfterike skogen'. Provinsen har ei flatevidd på 187 400 km². Changchun er hovudstad i provinsen.