Jimmie Lee Sloas | |||
Fødd | 12. mai 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ashland, Kentucky i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1982 | ||
Sjanger | |||
Instrument | bassgitar, gitar | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Verka som | Bassist |
Jimmie Lee Sloas (fødd 12. mai 1970) er ein USA-amerikansk studiomusikar, produsent og låtskrivar, som hovudsakleg speler bassgitar.
Faren Dave Sloas var medlem av bluegrassgruppa The Sloas Brothers. I 1982 var Sloas med å skipe rockegruppa RPM. Bandet gav ut to album frå 1982 til 1984.[1][2]
Frå 1986 til 1990 var Sloas medlem av det moderne kristenmusikkbandet The Imperials. Han har elles spelt mykje som studiomusikar og vore produsent for andre artistar, hovudsakleg innan country eller moderne kristenmusikk med artistar som Garth Brooks, Carrie Underwood, Keith Urban, Carman, LeAnn Rimes, Kellie Pickler, Reba McEntire, PFR, Switchfoot og Jessica Simpson. I 1996 skipa han gruppa Dogs of Peace med den tidlegare Whiteheart-gitaristen Gordon Kennedy. Sloas har òg spelt med heavy metal-gruppa Megadeth på albumet deira The System Has Failed.