Jimmy Iovine | |||
![]() | |||
Fødd | 11. mars 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn i New York i USA | ||
Fødenamn | James Iovine jr. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1973 til i dag | ||
Plateselskap | Interscope Geffen A&M | ||
Verka som | Entreprenør, plateprodusent | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, California Hall of Fame, Grammy Award |
James «Jimmy» Iovine jr. (fødd 11. mars 1953) er ein USA-amerikansk entreprenør, plateprodusent og filmprodusent. Han er mest kjend for å ha starta Interscope Records og vore styreleiar i Interscope Geffen A&M.[1] I 2006 danna Iovine Beats Electronics saman med Dr. Dre, eit selskap som produserer lydprodukt og driv ei strøymeteneste for musikk. Selskapet vart kjøpt av Apple for 3 mrd. US-dollar i mai 2014.[2]