Jizerafjella

Frýdlantské cimbuří, ein granittformasjon over Bílý Potok

Jizerafjella (tsjekkisk Jizerské hory; tysk Isergebirge; polsk Góry Izerskie, òg kalla Izerafjella) er ein del av dei vestlege Sudetane på grensa mellom Tsjekkia og Polen. Den største delen av fjellkjeda er danna av granitt, og enkelte område av basalt. Fjella har fått namnet sitt frå elva Jizera, som har sitt utspring ved den sørlege fjellsida av Smrk.

Den høgaste toppen er Wysoka Kopa (1 127 m) i Polen. Andre fjelltoppar er Smrk (1 124 m), med eit utkikkstårn, Jizera (1 122 m) og Stóg Izerski (1 107 m).

Områda her kan få svært mykje nedbør. 30. juli 1897 målte vêrstasjonen Nová Louka heile 345,1 mm på eit døger, noko som framleis er rekord i Europa.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne