Joe Cocker | |||
Joe Cocker i 2011 | |||
Fødd | 20. mai 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sheffield i England | ||
Død | 21. desember 2014 (70 år) | ||
Dødsstad | Crawford i Colorado | ||
Fødenamn | John Robert Cocker | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960–2014 | ||
Sjanger | blues, rock | ||
Instrument | piano, vokal, munnspel | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Regal Zonophone, A&M Records, Capitol Records, Island Records, Decca Records, IL, Chrysalis, The Rocket Record Company | ||
Verka som | songar | ||
Gift med | Pam Baker | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen |
Joe Cocker (fødd 20. mai 1944 som John Robert Cocker, daud 21. desember 2014)[1] var ein engelsk musikar og songar som kombinerte rock og blues.
Cocker vart for alvor kjend for publikum i Europa og Nord-Amerika då han i 1969 deltok på Woodstock-festivalen. Før den tid hadde han ein viss suksess i England med fleire coverversjonar av The Beatles-låtar, spesielt versjonen av «With a Little Help from My Friends». Etter det gjorde han i 1970 braksuksess med dobbel-albumet Mad Dogs and Englishmen. Konsertalbumet hamna på topp 10 på albumlista i USA.
Ein av dei mest kjende songane hans er «You Are So Beautiful» frå 1975. Andre songar som har vore viktige gjennom karrieren hans er mellom andre:
Cocker deltok òg på 25-årsmarkeringa av Woodstock-festivalen, Woodstock '94.