Joe Walsh | |||
Walsh på The Troubadour i West Hollywood i Los Angeles i 2012 | |||
Fødd | 20. november 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wichita i Kansas i USA | ||
Fødenamn | Joseph Fidler Walsh | ||
Alias | «Clown Prince of Rock» «Average Joe» | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul
Fender Stratocaster Fender Telecaster Rickenbacker 330JG | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Far | Robert Newton Fidler | ||
Born | Lucy Walsh | ||
Prisar | Kennedy Center Honors |
Joseph Fidler «Joe» Walsh (fødd 20. november 1947)[1] er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist og plateprodusent. I ein karriere som har vart meir enn 40 år, har Walsh vore medlem av fem suksessrike rockeband: Eagles, the James Gang, Barnstorm, The Party Boys og Ringo Starr & His All-Starr Band. I 1990-åra var han òg medlem av den kortvarige supergruppa The Best. Han har òg hatt ein suksessrik solokarriere og vore ein aktiv studiomusikar for mange andre artistar. I 2011 plasserte Rolling Stone Walsh på 54. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidende.[2]
Walsh vart med i Eagles i 1975 som klaverinstrumentist og gitarist etter at det opphavlege medlemmet Bernie Leadon slutta. Det første albumet hans med bandet var Hotel California.[3] I 1998 valde magasinet Guitarist ut gitarsoloane på songen «Hotel California» av Walsh og Don Felder[4] som ein av dei beste gitarsoloane gjennom tidene, med ein åttande plass.[5]
Som soloartist gav Walsh ut debutalbumet sitt The Smoker You Drink, the Player You Get i 1973. Sidan den gong har han gjeve ut tolv studioalbum, seks samlealbum og to konsertalbum. Av solohittar finn ein «Rocky Mountain Way», «Life's Been Good», «All Night Long», «A Life of Illusion» og «Ordinary Average Guy».
Som medlem av Eagles, vart Walsh innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998, og Vocal Group Hall of Fame i 2001. The Eagles vert rekna som eit av mest inspirasjonsrike banda i 1970-åra og dei har vore eit av dei mestseljande amerikanske gruppene i musikkhistoria.[6] Walsh sine kreative, musikalske bidrag har blitt hylla av mange av dei beste rockegitaristane, som Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page, som sa «han har ei valdsam kjensle for instrumentet. Eg har elska stilen hans sidan han var med i James Gang.»[7] Eric Clapton sa ein gong «han er ein av dei beste gitaristane som har dukka opp no på ei tid. Eg høyrer ikkje på mange album, men eg høyrer på hans.»[7] The Who-gitaristen Pete Townshend, ein ven av Walsh, sa «Joe Walsh er ein flytande og intelligent musikar. Det finst ikkje så mange som det.»[2][7]