Johan Castberg | |||
![]() | |||
Fødd | 21. september 1862 Brevik | ||
---|---|---|---|
Død | 24. desember 1926 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre, Arbeiderdemokratene | ||
Yrke | jurist, politikar, advokat, dommar, dagbokskrivar | ||
Far | Johan Christian Tandberg Castberg | ||
Barn | Frede Castberg | ||
Alle verv |
|
Johan Castberg (21. september 1862–24. desember 1926) var ein norsk jurist og politikar, kjend for å ha stått bak fleire grunnleggjande norske lover.
Han vart fødd i Brevik i noverande Porsgrunn kommune i Telemark fylke.
Castberg var stortingsrepresentant for partiet Arbeiderdemokratene frå 1900 til 1909, frå 1913 til 1921 og frå 1924 til 1926. Arbeidardemokratane vart rekna for å vera på venstresida av Venstre med størst oppslutnad mellom småbrukarar og landarbeidarar.
Castberg var statsråd i to regjeringar leidde av Gunnar Knudsen. Han var statsråd for Justisdepartementet frå mars 1908 til februar 1910, for handels-, sjøfart- og industridepartementet frå januar til juni 1913 og for sosial-, handels, industri- og fiskeridepartementet frå juni 1913 til april 1914. I 1913 fekk Castberg gjennomslag for å oppretta eit sosialdepartement.
Johan Castberg døydde i Oslo.