Johan Falkberget

Johan Falkberget

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1879
Røros
Død

5. april 1967 (87 år)
Røros

Yrke skribent, politikar, manusforfattar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Religion kristendom
Born Magnus Falkberget, Aasta Falkberget
Johan Falkberget på Commons

Johan Falkberget (30. september 18795. april 1967) var ein norsk forfattar, gardbrukar og stortingsrepresentant. Han vart fødd på garden Falkberget («Inni Dala» - Trondalen) ved Rugelsjøen, i Røros kommune.

Falkberget byrja si yrkeskarriere som gruvearbeidar, og mange av Falkberget sine romanar skildrar arbeidarane sine arbeidsvilkår i gruvesamfunnet. Gjennombrotet kom med romanen «Den fjerde nattevakt» (1923), ein historisk roman med handling lagt til første halvdel av 1800-talet. I «Christianus Sextus»-syklusen er handlinga lagt til 1720-talet, og gruvedrifta er òg her eit sentralt motiv. Johan Falkberget representerte ArbeidarpartietStortinget for Sør-Trøndelag fylke i åra 1931-33.

Falkberget vart gravlagd på Staten sin kostnad den 15. april 1967. Familien sin gravstad er på Røros øvre kyrkjegard.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne