Johannisberg | ||
---|---|---|
Johannisberg sett frå Kaiser-Franz-Josefs-Höhe | ||
Høgd over havet | 3 453 m o. A. | |
Område | Grensa mellom Kärnten og Salzburg i Austerrike | |
Fjellområde | Glocknergruppa i Hohe Tauern | |
Koordinatar | 47° 6′ 34″ N, 12° 40′ 22″ AKoordinatar: 47° 6′ 34″ N, 12° 40′ 22″ A | |
| ||
Johannisberg sett frå sørvest (frå Eiskögele) |
Johannisberg (tidlagare Keeserkopf eller Herzoghut) er eit 3 453 meter høgt fjell i Glocknergruppa i Hohe Tauern, ein fjellkjede i dei austerrikske sentralalpane. Fjellet ligg på grensa mellom dei austerikske forbundslanda Salzburg og Kärnten. Dagens namn fekk fjellet til ære for erkehertug Johann av Austerrike.
Sett frå aust er Johannisberg kuppelforma og firndekt. Vestsida er ein mektig, 450 meter høg og 50° steil vestvegg. Mot nordvest og sørvest går det ut lange egger. Toppen er lett å nå, og eit kjært mål for vandrarar og klatrarar.