John Keble | |
![]() | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 25. april 1792 Fairford |
Død |
29. mars 1866 (73 år) |
Yrke | lyrikar, filosof, skribent, universitetslærar, salmediktar, teolog, prest |
Medlem av | Oxfordrørsla |
Religion | Den anglikanske kirke |
John Keble på Commons |
John Keble (25. april 1792–29. mars 1866) var ein engelsk prest og forfattar av andelege dikt. Preika National Apostasy som han heldt i 1833 blir rekna på starten på Oxfordrørsla, der han var ein av dei leiande figurane.
Keble studerte i Oxford og fekk seinare stilling som Fellow ved Oriel College, University of Oxford. I 1816 blei han vigd til prest og i perioden 1831–1841 var han Oxford Professor of Poetry. Grunnlaget for tilsettinga var i hovudsak basert på diktsamlinga The Christian Year (1827, 'Det kristne året') som gjorde Keble vidkjend. Boka, som inneheld eit dikt for kvar søn- og heilagdag i kyrkjeåret, var ein av dei store klassikarane på 1800-talet og kom i meir enn hundre opplag. I 1836 blei Keble sokneprest i Hursley i Winchester, der han var livet ut.
John Keble døydde under eit rekonvalesensopphald i Bournemouth. Han hadde lenge vore sjuk og trudde at sjølufta hadde terapeutisk verknad på han. Han er gravlagd i All Saints kyrkjegard i Hursley.
Eksempel på dikta hans er «New Every Morning Is Thy Love» ('Ny kvar morgon er kjærleiken din') og «Sun of My Soul» ('Sola til mi sjel').
Keble College i Oxford er oppkalla etter han.