John McKay | |||
Fødd | 1957 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Post-punk | ||
Instrument | Gitar saksofon | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Verka som | Musikar |
John McKay er ein engelsk låtskrivar og gitarist. Han er mest kjend som gitarist for Siouxsie and the Banshees, derh an var medlem frå juli 1977 til september 1979. Han spelte «taggete, uortodokse akkordar»,[1] og skapte eit «metallskår-skrik» med gitaren sin.[2] Magasinet Q plasserte spelinga til McKay på «Hong Kong Garden» på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.[3] Han spelte inn to studioalbum med gruppa, debutalbumet The Scream i 1978 og det neste albumet Join Hands i 1979.
McKay har blitt omtalt som ei inspirasjonskjelde av fleire gitaristar som Geordie Walker, Steve Albini, Thurston Moore, Johnny Marr, Jim Reid, Kevin Shields og Boz Boorer.