John Millington Synge | |
![]() | |
Fødd | 16. april 1871 Rathfarnham |
Død |
24. mars 1909 (37 år) |
Yrke | skodespelforfattar, lyrikar, skribent, librettist, prosaforfatter |
Far | John Hatch Synge |
Mor | Kathleen Trail |
John Millington Synge på Commons |
John Millington Synge (16. april 1871–24. mars 1909) var ein irsk dramatikar, diktar, skribent og folkloresamlar. Han var ein nøkkelperson i den irske litterære fornyinga, og var med å leggja grunnlaget for Abbey Theatre i Dublin. Synge er best kjend for teaterstykket The Playboy of the Western World (Helten på den grøne øya) som førte til opptøyar i Dublin då stykket vart oppført første gongen.
Sjølv om han hadde ein mellomklasse protestantisk bakgrunn, er Synge sin forfattarskap oppteken av tilhøva til dei katolske menneska på landsbygda i Irland, og det han såg på som heidenskapen i deira verdssyn.
Synge leid av Hodgkins sjukdom, ei kreftform det ikkje var botemiddel for på den tida. Han døydde nokre veker før han fylte 38 år.