John Peel | |
![]() | |
Fødenamn | John Robert Parker Ravenscroft |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 30. august 1939 Heswall i England |
Død | |
Dødsårsak | Hjerteinfarkt |
Yrke | Disc jockey |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Sheila Ravenscroft |
Nettstad | http://www.bbc.co.uk/radio1/johnpeel/ |
John Peel på Commons |
John Robert Parker Ravenscroft (30. august 1939–25. oktober 2004), kjend som John Peel, var ein populær og respektert engelsk DJ, radiopersonlegdom og journalist. Han jobba for BBC Radio 1 frå 1967 til han døydde i 2004, og var blant dei første som spelte reggae og punk på britisk radio. Mest kjend er han kanskje for sine mange peel sessions, opptak gjort i BBC sine studio med mange av dei største banda og artistane, ofte før dei vart allment kjende.