Joyce Carol Oates

Joyce Carol Oates

Pseudonym Rosamond Smith,
Lauren Kelly
Nasjonalitet USA
Statsborgarskap USA
Fødd 16. juni 1938 (86 år)
Lockport
Yrke Roman- og novelleforfattar,
skodespelforfattar, litteratur-
kritikar, redaktør og poet.
Språk engelsk
Påverka av Charlotte Brontë, Emily Brontë, Lewis Carroll, Fjodor Dostojevskij, William Faulkner, Ernest Hemingway, Franz Kafka, D.H. Lawrence, Flannery O'Connor
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences
Religion ateisme
Ektefelle Raymond J. Smith
Joyce Carol Oates på Commons

Joyce Carol Oates (fødd 16. juni 1938) er ein amerikansk forfattar. Oates, som voks opp i ein arbeidarfamilie landleg i staten New York, gav ut den første boka si i 1963, og har sidan gjeve ut meir enn 50 romanar, og i tillegg talrike samlingar av noveller, poesi og sakprosa, noko som har gjeve henne ry som ein svært produktiv forfattar. Romanen them som kom ut i 1969, vann den prestisjetunge litteraturprisen National Book Award, og bøkene Black Water (1992), What I Lived For (1994) og Blonde (2000) vart alle nominerte til Pulitzerprisen. Oates er vide kjend som ein av dei leiande amerikanske forfattarane som har stått fram etter 1960, og ho har òg vore nemnd i samband med tildelinga av Nobelprisen i litteratur.

Ho er også (i 2011) professor i skrivekunst ved Princetonuniversitetet, der ho har undervist sidan 1978.[1]

Oates har òg skrive under pseudonyma Rosamond Smith og Lauren Kelly.

  1. «Lewis Center for Creative Writing, Princeton University». Henta 25. januar 2009. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne