Judasbrenning

Påskebål med judasfigur av strå i Seestermühe i Schleswig-Holstein i 2007.

Judasbrenning eller judashenging er ein tradisjon som har vore utbreidd i fleire kristne tradisjonar. Skikken går ut på å brenna, henga eller på anna vis straffa ei dokke som førestiller Judas Iskariot for at han sveik Jesus. Ofte blir han hengd, i samsvar med det som blir fortald i Matt. 27:5. Brenninga går gjerne føre seg på langfredag, påskeaftan eller påskemorgon. Ho kan også finna stad andre dagar i året, som nyttårsaftan.

Skikken er særleg vanleg i katolske og ortodokse område, men er i hovudsak ein folkeleg tradisjon som ikkje blir oppmuntra av kyrkjene.[1]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Harry

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne