Junior Wells

Junior Wells

Wells på New Orleans Jazz & Heritage Festival i 1996
Fødd9. desember 1934(1934-12-09)
FødestadWest Memphis i Arkansas i USA
Død15. januar 1998 (63 år)
DødsstadChicago
FødenamnAmos Wells Blakemore Jr.
AliasJunior Wells
OpphavUSA
AktivFrå 1950-åra til 1997
SjangerChicago blues
InstrumentVokal, munnspel
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka somMusikar, låtskrivar

Junior Wells (9. desember 1934 som Amos Wells Blakemore jr.15. januar 1998) var ein USA-amerikansk Chicago blues-vokalist, munnspelspelar og plateartist. Han var ein av pionerane innan den forsterka bluesmunnspel-stilen som var assosiert med Chicago. Wells er mest kjend for signaturlåten sin, «Messin' with the Kid» og albumet Hoodoo Man Blues frå 1965, som av kritikaren Bill Dahl er skildra som «ein av dei verkeleg klassiske bluesalbuma frå 1960-åra».[1]

Wells spelte med ei rekkje kjende bluesmusikarar, som Muddy Waters, Earl Hooker og Buddy Guy.[1] Han var ein del av bluesmiljøet gjennom heile karrieren sin, men kryssa òg over til rocken då han turnerte med The Rolling Stones.[2] Ikkje lenge etter Wells døydde kalla blueshistorikaren Gerard Herzhaft han «ein av dei sjeldne, aktive overlevarane frå 'den gyldne bluesæraen'».[2]

  1. 1,0 1,1 Dahl, Bill (1996). «Junior Wells». I Erlewine, Michael. All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 274–276. ISBN 0-87930-424-3. 
  2. 2,0 2,1 Herzhaft, Gerard (1992). «Junior Wells». Encyclopedia of the Blues. Fayetteville: University of Arkansas Press. s. 360–362. ISBN 1-55728-252-8. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne