Juret er mjølkeorganet på kyr, geiter, sauer og fleire andre pattedyr. Organet produserer mjølk, og har spener som avkommet til dyra kan drikke frå. Sau, geit og hest har to mjølkekjertlar som kvar munnar ut i ein spene. Kyr har fire spenar. Dei fleste husdyr har éin mjølkekanal i kvar spene, men hest har 2-3 kanalar.
Mennesket nyttar mjølkeproduksjonen til dyr for å mjølke. Det er mest vanleg å mjølke kyr, men ein mjølker også geiter, sauer, hestar og kamelar.
Det hender ofte at dyr får sjukdom i juret. Spesielt for storfe er det svært vanleg med mastitt (også kalla jurbetennelse). Dei aller fleste kyr i fjøs får mastitt minst ein gong i livet.