Juratida

Juratida
199.6–145.5 millionar år sidan


Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 26 vol %[1]
(130 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 1950 ppm[2]
(7 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 16.5 °C [3]
(3 °C over dagens nivå)
Inndelinga av jura
sjå • diskuter • endre
-200 —
-195 —
-190 —
-185 —
-180 —
-175 —
-170 —
-165 —
-160 —
-155 —
-150 —
-145 —
Ein tilnærma tidsskala for jura.
Skala: Millionar år sidan.

Jura er ein geologisk periode som starta for 199,6 ± 0,6 millionar år sidan og varte til 145,5 ± 4 millionar år sidan, frå slutten av trias til byrjinga av krit. Jura utgjer den mellomste perioden i mesozoikum og vert stundom kalla «Krypdyra sin tidsalder». Starten på perioden er markert av den store trias-jura-utryddinga, men mot slutten av jura hadde ein ikkje slike hendingar og feilmarginen er derfor større for slutten av perioden enn for byrjinga.

Store dinosaurar dominerte under jura.

Jura vart namngjeve av Alexandre Brongniart etter dei omfattande marine kalksteinsframbrota i Jurafjella i grenseområdet mellom Tyskland, Frankrike og Sveits.

Jurasystemet er bergartar som er avsette i juratida.

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne