Just Like a Woman Singel av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde | ||
B-side |
«Obviously 5 Believers» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | august 1966 | |
Innspelt | 8. mars 1966 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 4:53 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
Produsent | Bob Johnston | |
Bob Dylan-kronologi | ||
«I Want You» (1966) |
Just Like a Woman | «Leopard-Skin Pill-Box Hat» (1967)
|
«Just Like a Woman» er ein song skriven av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 33. plass i USA. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 230. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]
Dylan skreiv denne balladen på hausttakkefesten i 1965 då han turnerte i Kansas City. Songen var visstnok inspirert av Edie Sedgwick, som ofte var ved Andy Warhol sin Factory på tida då Dylan vart introdusert for Warhol. Det vert òg sagt at «Just Like A Woman» omhandlar forholdet til visesongaren Joan Baez.[treng kjelde]
She takes just like a woman, yes, she does
Bob Dylan
|
Songen har vorte kritisert for påstått kvinnehat i teksten.[2] Alan Rinzler skildrar i boka si Bob Dylan: The Illustrated Record songen som «eit mektig karakterdrap...den mest spotske, vemmelege audmjukinga Dylan gjorde av sine tidlegare kjærastar.»[3] Musikkritikaren Paul Williams skriv derimot i boka si Bob Dylan: Performing Artist, Book One 1960 - 1973 at Dylan syng heile songen i ein kjærleg tone.[3] Bill Janovitz skriv i meldinga på Allmusic at Dylan verkar å vere på defensiven, som om han hadde fått skulda for samanbrotet til kvinna, og så tar på seg noko av skulda. Janovitz konkluderer med at det ikkje er kvinnehatande å sjå på eit personleg forhold frå synspunktet til dei som er involvert, anten der er ein mann eller ei kvinne. Det er ingenting i teksten som indikerer at Dylan ikkje har respekt for, eller hatar, kvinner generelt.[2]
Songen vart ikkje gjeven ut på singel i Storbritannia, men utgåva til Manfred Mann nådde 10. plass der i 1966.