Juvente (latin for 'ungdomstid') er ein partipolitisk uavhengig og religiøst nøytral norsk ungdomsorganisasjon som jobbar for ei rusfri utvikling, fred, toleranse og like rettar for alle. Medlemmane i organisasjonen er i hovudsak mellom 12 og 26 år, og har vald ein edru livsstil.
Juvente er engasjert i ruspolitikk og førebygging, driv utviklingshjelp via organisasjonen FORUT, og søker å skape gode ungdomsmiljø i heile landet med lokallag, kurs, samlingar og andre arrangement. Organisasjonen arbeider også for antirasisme og integrering. Organisasjonen driv ulike førebyggingsprosjekt retta mot ulike målgrupper, mellom anna Edruss, som rettar seg mot russ, og Kolon, eit pedagogisk opplegg for ungdomsskuleelevar. Juvente står òg bak den politiske kampanjen Skjenkekontrollen, der dei undersøkjer om daglegvarebutikkar sel alkohol til mindreårige.[1] Tidlegare dreiv Juvente prosjekta Rusfri Diil, KOLON musikkteater (for den vidaregåande skolen) og skoleopplegget Fristil (tidl. Holdning til rusgift / Handling mot rusgift) for niande klasse i grunnskolen.