KEiiNO | |||
![]() | |||
Aktiv | 2018– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pop, Joik, elektronisk musikk, dansemusikk | ||
Plateselskap | Universal Music Group |
KEiiNO (uttalt [kæɪˈnoː], tilsvarande sisteleddet av Kautokeino) er ei norsk musikkgruppe som består av den samiske låtskrivaren, rapparen og joikaren Fred Buljo, songaren Alexandra Rotan og songar-låtskrivaren Tom Hugo.[1] KEiiNO er eit norsk-samisk samarbeidsprosjekt og vart danna i august 2018, i samband med deltakinga i Melodi Grand Prix 2019.[2][3] Ingen av dei tre bandmedlemmane kjende kvarandre på førehand. KEiiNO vann den norske finalen 2. mars 2019 med songen «Spirit in the Sky» og representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i mai 2019.[4] Etter å ha blitt nedjustert frå femteplass hamna gruppa på sjetteplass i finalen etter å ha vunne telefonavrøystinga.[5][6] Låten toppa VG-lista, og dei vart nominert til ein spellemannpris i klassa årets låt. KEiiNO vann òg to prisar under Sami Music Awards i open klasse og for årets produsent. Etter Eurovision Song Contest har gruppa gjeve ut fleire singlar og eit album med urfolkmusikk frå heile verda. I 2021 deltok gruppa i Melodi Grand Prix på ny og hamna på andreplass med låten «Monument».[7]