KFUM-Kameratene Oslo

KFUM-Kameratene Oslo er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Ekeberg i Oslo. Idrettslaget er tilslutta Oslo KFUM og har i kring 1600 medlemer. Laget, som vart stifta 1. januar 1939, har sidan 1970-åra hatt base i KFUM-hallen, og er aktivt med i fotball, friidrett, futsal og volleyball. KFUM-laga spelar i raude og kvite trøyer, blå bukser og kvite strømper.

KFUM-kameratene har i fleire år spelt i toppserien i futsal. Fotballaget spelte 2016-sesongen på nivå to i seriesystemet. Tidlegare gjesta laget 3. divisjon eit par gongar på 1980-talet. Elles hadde KFUM-kameratene tilhald i lokal fotball, før det atter rykte opp på nivå tre i 2008.

I 1973 og -74 vann friidrettsutøvarane Rolf Olsen og Hans Kristian Sætrum kvar si NM-medalje på 400 meter og 1500 m.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne