Kaffi er ein drikk laga av brende og malne bønner frå kaffiplanten, Coffea, som gjev smak til varmt eller kaldt[1] vatn. Kaffien kan serverast som den svarte væska ein då får, eller tilsett mjølkeprodukt, sukker, krydder eller alkohol i ulike kaffidrikkar.
Dei tidlegaste kjeldene som omtalar kaffidrikking kjem frå Etiopia på 800-talet. Seinare har ein kjelder på bruken frå Egypt, Jemen, Persia, Tyrkia og Nord-Afrika. Frå den muslimske verda kom kaffien til Italia og deretter resten av Europa og Amerika. I dag er kaffi ein mykje elska, oppkvikkande, men òg vanedannande drikk brukt over heile verda.