Kaffiplanteslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Søteordenen Gentianales |
Familie: | Maurefamilien Rubiaceae |
Underfamilie: | Ixoroideae |
Stamme: | Coffeeae |
Slekt: | Kaffiplanteslekta Coffea L., 1753 |
Kaffiplanta (Coffea) er ei buske eller eit tre med frukt som gjev kaffi.
Treet har eviggrøne, tynne, skinande mørkegrøne blad som sit parvis. Borken er grågrøn og veden er hard og lys kremfarga. Som tre kan ho verte meir enn 10 meter høg om ho får vekse fritt, men på plantasjane vert ho gjerne trimma til ei høgde på omkring 2-4 meter.
Planta, som kan verte nærare 60 år gamal, har eit djuptgåande rotsystem. Ho veks om lag 50 cm i året og blomstrar fyrst når ho er tre til fire år gamal. Kaffiplanter trivst best i temperaturar omkring 25 °C (16-28 °C om dei skal blomstre) og i gode lystilhøve utan direkte sollys. Dei treng jamn fukt, og må ikkje tørke ut. Plantene føretrekk fuktig luft utan for mykje kalk i jordsmonnet.