Kaimai Range er ei fjellkjede på Nordøya på New Zealand. Ho kan sjåast på som ei forlenging sørover av fjellkjeda Coromandel Range på Coromandelhalvøya, og dannar eit skilje mellom regionane Waikato i vest frå Bay of Plenty mot aust. Fjellrekkja er ulendt, og berre to bilvegar kryssar henne, riksvegane State Highway 2, i den nordlege delen, gjennom det svingete passet Karangahake Gorge, og State Highway 29 mellom Tauranga og Hamilton. Der er ingen eigentlege fjelltoppar langs rekkja, det høgaste punktet er Te Aroha (952 moh.), nær byen med same namn.