Kainainasjonen (Káínawa, káínaa, engelsk Kainai Nation eller Blood Tribe) er ei administrativ gruppe i First Nations i Canada frå sørlege Alberta. Ho hadde 12 800 medlemmar i 2015,[1] opp frå 11 791 i desember 2013.[2]
Akáínaa kan omsetjast bokstaveleg til 'mange hovdingar' (frå aká, 'mange' og nínaa, 'høvding'), medan Káína kan omsetjast dirkete til 'mange hovdingar-folk'. Dei tradisjonelle fiendane deira, prærie-cree-folk, kallar kainaiane mihkowiyiniw,[3] 'dekka av blod', eller 'blodtørstige', noko som har gjeve gruppa det engelske namnet Blood tribe.
Språket til kainaifolk tilhøyrer språkgruppa blackfoot; målføret deira ligg nærast dei til siksika og piikani. Dei er ein av tre nasjonar som tilhøyrer samansluttinga Blackfoot Confederacy.
På tida då det blei underskrive avtalar som Treaty 7 heldt kainaifolket til ved elvene Oldman, Belly og St. Mary vest for Lethbridge i Alberta. Kainaireservatet Blood 148, som ligg 200 kilometer (120 mi) sør for Calgary, er det største reservatet i Canada med 4 570 innbyggjarar[4] på 1 410 km² (545 sq mi).