Kairo | |||
القاهرة | |||
by | |||
|
|||
Land | Egypt | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Al-Qahira | ||
Areal | 528 km² | ||
Folketal | 9 606 916 (1. juli 2018)[1] | ||
Grunnlagd | 969 (al-Qahira) | ||
Kairo 30°02′40″N 31°14′09″E / 30.044444444444°N 31.235833333333°E | |||
Wikimedia Commons: Cairo |
Kairo (arabisk القاهرة, romanisert al-Qāhira) er hovudstaden i Egypt. Han ligg ved elva Nilen, eit lite stykke ifrå der ørkenen går over i Nildeltaet nord i Egypt. Med 16 millionar innbyggjarar er Kairo den største og mest folkerike byen i Afrika og den arabiske verda. Han er ein av dei tørraste storbyane i verda med ei nedbørsmengd på 20 mm per år, og er, etter Mexico by, rekna som den nest mest forureina av verdas hovudstader.
I og nær byen finn ein mellom anna pyramidane og sfinksen i Giza, Amr-moskeen, universitetet Al-Azhar, Citadellet, «den hengande kyrkja» Kairotårnet og bydelar som Gamle Kairo og Nye Egypt. Historiske Kairo er rekna som verdsarv av UNESCO. I 2021 nemnde SN han som ein av dei ti raskast veksande byane i verda.[2]
Kairo har over 500 moskear og er til tider kjend som «minaretbyen». Lokalt blir byen ofte omtalt som «Misr», som også er det lokale namnet på Egypt.