Kallenamn

Eple og utsyn over New York, som har kallenamnet «The Big Apple».
Foto: Rick Dikeman

Kallenamn er namn som ikkje er gjevne formelt, men blir brukte i tiltale eller omtale i visse samanhengar. Menneske, dyr, stader og ting kan ha kallenamn, og ein finn dei i ei rekke ulike samfunn, men dei er meir utbreidde i somme. Kallenamn kan lagast på ulike måtar, til dømes som kjælenamn eller aukenamn, etter eit standardisert mønster eller ved eit tilfelle. Dei kan ta utgangspunkt i formelle føre- og etternamn, stilling eller eigenskapar til den dei nemner. Kallenamn kan ganske enkelt vera ein måte å få lettare ord å seia på, men kan også brukast til å skapa samhald innan ei gruppe eller til mobbing. Medan kallenamn kan vera flyktiga, kan dei òg gå over til å bli faste namn.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne