56°14′48.422″N 15°17′12.440″E / 56.24678389°N 15.28678889°E
Kallinge er ein tettstad i Ronneby kommun i Blekinge län i Sverige. Han ligg ved E 22 rett nord for Ronneby. I 2005 hadde tettstaden 4 561 innbyggjarar.[1]
Kockums Jernverk låg her, men vart lagd ned i 1991. Det svenske luftforsvaret sin veng F 17 Kallinge ligg her, den vert delt med Ronneby flygplats.
Staden vart skipa under siste halvdel av 1800-talet, då Örmo Bruk vart flytta frå Konga i Småland til fossen ved Kallinge. Kallinge bestod opphavleg av to bygder, Häggatorp på vestsida av elva Ronnebyån, og Kalleberga på austsida.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet scb