Kambrium 542–488.3 millionar år sidan
| |
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden | ca. 12.5 vol %[1] (63 % av dagens nivå) |
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden | ca. 4500 ppm[2] (16 gonger førindustrielt nivå) |
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden | ca. 21 °C [3] (7 °C over dagens nivå) |
Kambrium er ein geologisk periode og eit system som starta for rundt 542± 0,3 millionar år sidan ved slutten av eonet proterozoikum og enda for 488,3± 1,7 millionar år sidan ved byrjinga til ordovicium. Han er den første perioden i paleozoikum i eonet fanerozoikum. Kamrium har fått namn etter Cambria, namnet Wales hadde i antikken og området der dei første bergartane frå denne perioden vart studert.
Kambrium er den tidlegaste perioden med berglag med talrike store fossil av fleircella organismar. Det oppstod brått særs mange fossil av dyr med hardt ytre i denne perioden, eit fenomen kjend som den kambriske eksplosjonen. Trass i at ein i lang tid har sett klare skilje mellom bergartar frå kambrium og yngre bergartar frå ordovicium, samt eldre bergartar frå prekambrium, var det først i 1994 at perioden vart internasjonalt godkjend. Starten på kambrium er definert til ei stor samling sporfossil kalla Trichophycus pedum. Denne samlinga er forskjellig frå alt anna i prekambrium og består av rekker med vertikale holgangar som ein ikkje har funne tidlegare.
Kambriumsystemet er bergartar som er avsette i kambrium.