Kammermusikk er nemninga på ein type klassisk musikk spela av nokre få musikarar, til forskjell frå orkestermusikk. Namnet kjem av at musikken tradisjonelt blei oppført i slottskammer og ikkje i konsertsalar. Kammermusikk blir som regel spela utan ein dirigent, og har derfor meir av eit solopreg.
Kammergruppa har sjeldan meir enn ti utøvarar. Verk og ensemble har namn etter kor mange musikarar som er med, frå to utøvarar i ein duett vidare til trio, kvartett, kvintett, sekstett, septett, oktett og nonett. Instrumentsamansetjinga kan variera. Den vanlegaste er strykekvartetten med to fiolinar, ein bratsj og ein cello.