Kamphandlinga 2. mai 1707 | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
![]() Kamphandlinga 2. mai 1707. National Maritime Museum. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
![]() |
![]() | ||||||
Kommandantar | |||||||
![]() |
![]() | ||||||
Styrkar | |||||||
7 linjeskip 6 kaperskip |
3 linjeskip 52 handelsskip | ||||||
Tap | |||||||
Små | To linjeskip kapra[1] 21 handelsskip kapra[2] |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Kamphandlinga 2. mai 1707, òg kjend som Beachy Head, var eit sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen der ein fransk skvadron under Claude de Forbin hindra ein stor britisk konvoi eskortert av tre linjeskip under kommandør Baron Wylde. Kamphandlinga starta då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. «Mars» med 60 kanonar, styrt av Claude Forbin, gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og då dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle» kom til, tok dei livet av kapteinen Edward Acton, og tok dette skipet òg.[3] Konvoien vart spreidd og det siste britiske eskorteskipet, HMS «Royal Oak», vart hardt råka og med 12 fot vatn innanbords klarte det å kome seg unna ved å gå på land nær Dungeness. Dagen etter vart «Royal Oak» slept frå staden det stranda, ned til The Downs.[4]
Franskmennene tok 21 handelsskip, i tillegg til to 70-kanonars linjeskip, og førte dei alle til Dunkerque.[5]