Kamphandlinga i august 1702 | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Den skadde Benbow gjev framleis ordre om angrep | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
England | Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
John Benbow | Jean du Casse | ||||||
Styrkar | |||||||
7 linjeskip | 4 linjeskip 1 fregatt 4 korvettar 1 transport | ||||||
Tap | |||||||
1 skip øydelagd | 1 skip kapra |
Santa Marta – Guadeloupe – Nassau – Colonia del Sacramento – Cartagena de Indias – 1. Rio – 2. Rio – Cassard |
Kamphandlinga i august 1702 fann stad frå den 19. til den 25. august 1702 mellom ein engelsk skvadron under viseadmiral John Benbow og ein fransk under admiral Jean du Casse, under den spanske arvefølgjekrigen. Benbow gjekk hardt til åtak på den franske skvadronen, men då dei fleste kapteinane hans nekta å støtte handlinga, klarte du Casse å stikke av. Benbow mista eit bein under kamphandlinga og døydde av sjukdom to månader seinare. To av kapteinane vart seinare dømd for feigheit og skoten.
At Benbow valde å forfølgje franskmennene, i det som vart den siste kampen hans, vart uimotståeleg for fantasien til folket. Hendinga inspirerte til mange balladar, hovudsakleg kalla Admiral Benbow eller Brave Benbow, som vart sungen av britiske sjømenn meir enn hundre år seinare.[1]