Kapiti Coast District | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 731,50 km² | ||
Folketal | 53 200 (30. juni 2018)[1] | ||
![]() Kapiti Coast District 40°50′38″S 175°11′10″E / 40.844°S 175.186°E | |||
Wikimedia Commons: Kāpiti Coast District |
Kapiti Coast District er eit lokalt distrikt sør på Nordøya på New Zealand, om lag 50 km nord for hovudstaden Wellington.
Distriktet har fått namn etter øya Kapiti Island, eit framståande landemerke, 8 km frå land. Busetnaden i distriktet er samla i ei kjede av busetnadar langs kysten ved riksvegen State Highway One: Otaki, Te Horo, Waikanae, Paraparaumu, Raumati og Paekakariki. Paraparaumu er den mest folkerike av busetnadane, og administrasjonssenter så vel som økonomisk senter i distriktet. Mykje av dei landlege områda vert nytta til hagebruk, og det ligg mange handelsgartneri langs hovudvegen mellom busetnadane. Paraparumu har ei lita flystripe med daglege ruteflygingar over Cooksundet til Nelson og Blenheim.
Områda som kan nyttast til landbruk og busetnadar er smale og ligg langs kysten. Ein stor del av den austlege delen av distriktet høyrer til det verna området Tararua Forest Park som omfattar den opprivne fjellkjeda Tararua Range med toppar som når over 1500 moh.