Kapp Serdtse-Kamen

Kapp Serdtse-Kamen
nes
Land  Russland
Kart
Kapp Serdtse-Kamen
66°54′30″N 171°37′50″W / 66.908333333333°N 171.63055555556°W / 66.908333333333; -171.63055555556

Kapp Serdtse-Kamen (russisk мыс Сердце-Камень, tyder «Kapp Hjartestein») er eit nes på nordaustkysten av Tsjukotka i Russland. Det ligg om lag 30 km aust for Neskynpilgynlagunen.

Kapp Serdtse-Kamen er eit geografisk landemerke og aust for neset snur kysten av Tsjuktsjarhavet brått søraustover til Beringsundet.

Vraket av det sovjetiske dampskipet «Tsjeljuskin» vart oppdaga i 2006 i nærleiken av neset.[1] Landsbyen Uelen ligg 150 km søraust for neset.

  1. Oppdaginga av «Tsjeljuskin»

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne