Karadah | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Bagdad | ||
By | Bagdad | ||
Koordinatar | 33°18′N 44°26′E / 33.300°N 44.433°E | ||
![]() Karadah 33°18′00″N 44°26′00″E / 33.3°N 44.433333°E | |||
Wikimedia Commons: Karrada |
Karrada (arabisk كرّادة, Karrāda) er ein øvre mellomklassebydel i Bagdad i Irak. Folkesetnaden er blanda med ein sjiamuslimsk majoritet og ein større kristen minoritet. Han er ein av dei mest religiøst mangfaldige i byen og ein av to store bydelar med eit kristent samfunn i Bagdad, i lag med Dora. Alle kristne i distriktet held til i Indre Karrada, der dei fleste kyrkjene står. Bydelen er delt inn i to mindre område, Nazaith og Masbah. Karrada ligg nord på ei halvøy i ein sving i elva Tigris. Det vart bygd mykje langs elvebreidda og vore medverkande til at området er ein dyr bydel i dag.
Karrada har vore utsett for mange terroriståtak gjennom åra,[1][2] dels på grunn av den store kristne busetnaden og rikdomen her. Området er elles relativt fritt for sektvesen, og dei som bur her lever ganske godt i lag. Flyselskapet Al-Naser Airlines har hovudkvarteret sitt i Karrada, i eit område like ved det private sjukehuset Al Jadirya.[3] 3. juli 2016 førte eit terroristbombeåtak til at minst 340 menneske mista livet på ein kveldsmarknad nær slutten av ramadan.[4]